Kjekt at du vil dele bileta! Deling i sosiale medium er heilt greitt så lenge eg blir kreditert som fotograf. Spør meg gjerne om du lurer på noko.
Det som ikkje er lov utan at vi har avtalt det på førehand:
• Beskjere, redigere eller på annan måte endre bileta (inkludert filter, retusjering og AI-endringar).
• Bruke bileta til reklame, marknadsføring eller annan kommersiell bruk.
• Selje, vidaresende eller dele bileta vidare utan avtale.
• Publisere eller dele bileta utan kreditering.
Lovverket
Alle foto eg tek er verna av åndsverkloven (lov om opphavsrett til åndsverk), særleg § 2 (enerett til bruk) og § 104–108 (fotografiske bilete og vern). Det betyr at eg eig opphavsretten til alle bileta eg tek, og at bruk berre er tillate dersom vi har ein avtale.
Ulovleg bruk av bileta mine kan føre til krav om vederlag, erstatning og fjerning av innhaldet, i samsvar med åndsverkloven.
Norsk Fotografforbund – Opphavsrett har ei god forklaring på rettane og pliktene som gjeld for fotografar og dei som bruker bilete.